Storbrann i flyktningleir i Bangladesh

Fleire tusen rohingya-flyktningar står utan ly etter at ein massiv brann herja ein flyktningleir ved Cox Bazar i Bangladesh torsdag morgon.
utenriks

Over 550 mellombelse bustader, heimane til rundt 3.500 menneske, vart heilt eller delvis øydelagde av flammane, ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), melder Reuters.

– Ikkje noko er igjen. Ikkje noko vart redda. Alt brann ned, seier flyktningen Mohammed Arakani.

Redd barna meiner brannen illustrerer dei dystre framtidsutsiktene til flyktningane.

– Brannen er ei avskyeleg påminning om at barna i leirane i Cox Bazar går ei dyster framtid i møte med liten rørslefridom, lite tilgang til utdanning, fattigdom og trussel om overgrep og barneekteskap, seier landsdirektør i Redd Barna, Onno van Manen i ei pressemelding.

(©NPK)