Stor arbeidsløyseauke i USA

Talet på personar som har førstegongsregistrert seg som arbeidsledige i USA, har auka kraftig i årets første veke, viser tal frå arbeidsdepartementet.
utenriks

965.000 personar melde seg ledige som førstegongsregistrerte fram til 9. januar. Auken var på 181.000 førstegongsregistrerte, viste tala som arbeidsdepartementet la fram torsdag.

Auken er den største sida pandemiutbrotet starta og langt større enn prognosane til analytikarane.

Arbeidsløyseveksten finn stad samtidig som den største økonomien i verda framleis blir prega av stor smittevekst og tilhøyrande restriksjonar innførte på næringslivet i landet.

(©NPK)