Russlands fengselsstyresmakt meiner Navalnyj må arresterast

Russlands fengselsvesen opplyser at dei vil vere forplikta til å arrestere opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj når han kjem til landet søndag.
utenriks

– Russlands føderale fengselsvesen er forplikta til å gjere alt for å arrestere han. Det var ordlyden i ei fråsegn frå fengselsstyresmaktene torsdag ettermiddag.

Fengselsstyresmaktene meiner dette er nødvendig, i påvente av at ein domstol har behandla ferdig ei oppmoding frå styresmaktene om å gjere om ei fengselsstraff på vilkår frå 2014 til fengsel utan vilkår, for å ha brote vilkåra for den opphavlege dommen.

Navalnyj har vore i Tyskland sidan slutten av august etter at han kollapsa på eit fly frå Sibir til Moskva. Han vart deretter sendt med legefly til Berlin. Fleire vestlege land har opplyst at han hadde vorte forgifta med nervegifta novitsjok i Russland.

44-åringen er utskriven etter behandling i Tyskland og varsla onsdag at han planlegg å dra heim til Russland førstkommande søndag.

(©NPK)