Italias statsminister kjempar for å redde regjeringa

Italias regjering står i fare for kollaps etter å ha mista støtta frå partiet Viva. Statsminister Giuseppe Conte er kalla inn til nasjonalforsamlinga.
utenriks

To ministrar frå partiet til eksstatsminister Matteo Renzi trekte seg onsdag frå regjeringa, som no manglar fleirtal i nasjonalforsamlinga.

Torsdag krev folkevalde at statsminister Giuseppe Conte svarer på korleis han skal løyse situasjonen.

– Eg vil kontakte Conte for å be han komme til kammeret, seier speaker i underhuset, Roberto Fico, som melder at han vil kalle inn alle partileiarane.

Renzi har mellom anna kritisert handteringa til regjeringa av koronapandemien. Italia har registrert 80.000 koronadødsfall og er no i ei alvorleg økonomisk krise.

Men mange fryktar at Renzis avgjerd kan forverre situasjonen på eit avgjerande tidspunkt i pandemien.

(©NPK)