Hellas ber EU hjelpe til med å flytte migrantar til Tyrkia

Hellas ber EU om hjelp til å flytte migrantar som ikkje får asyl i landet, til Tyrkia.
utenriks

Tyrkia nektar å ta tilbake 1.450 migrantar på grunn av koronapandemien, trass moglegheiter for å teste dei for viruset, ifølgje det greske innvandringsdepartementet.

– Vi forventar at Tyrkia akselererer relokaliseringa av migrantane med grunnlag i fellesfråsegna frå EU og Tyrkia, seier migrasjonsminister Notis Mitarakis.

EU og Tyrkia vart i mars 2016 samde om at alle migrantar som kjem dei greske øyane, skal relokaliserast til Tyrkia om asylsøknaden blir avslått. Det er akkurat no rundt 17.000 migrantar på øyane, ifølgje greske asylstyresmakter.

Tidleg i 2020 budde det rundt 42.000 migrantar på Lesvos, Samos, Chios, Kos og Leros i fullstendig overbefolka leirar.

(©NPK)