Høgsterett held oppe dommen på 20 år for Sør-Koreas tidlegare president

Sør-Koreas høgsterett heldt torsdag oppe fengselsstraffa på 20 år for Park Geun-hye, då han avslutta korrupsjonssaka mot den første kvinnelege leiaren i landet.
utenriks

Dommen betyr at Park, som vart avsett og arrestert i 2017, potensielt må sone til saman 22 år i fengsel.

Det er fordi ho òg er dømd for ulovleg innblanding i nominasjonane til partiet før parlamentsvalet i 2016.

Korrupsjonsskandale

Den første kvinnelege presidenten i landet vart dømd i ein omfattande korrupsjonsskandale i 2017 etter at hundretusen demonstrerte i gatene. Ho vart skulda for å ha hjelpt kriminelle, vore med på å presse bedrifter for pengar, og bede folk som jobba for henne om å gi bort hemmelege dokument.

Park vart dømd til 30 år i fengsel for mutingar, maktmisbruk og fleire andre forhold. Ei rekkje ankar, nye rettssaker og klager førte til at ho i juli fekk straffa redusert med ti år av høgsterett i Seoul. Den straffeutmålinga anka påtalemakta.

No har høgsteretten i landet behandla saka for andre gong og slår fast at dommen på 20 år blir ståande.

Boikottar rettsbehandlinga

Retten heldt òg oppe bøter og inndragingar på til saman 19,5 millionar dollar. Park har boikotta rettsbehandlinga og meiner ho er partisk. Ho var ikkje til stades då dommen fall torsdag. Ho har nekta å møte opp til rettssakene sidan oktober 2017.

President Moon Jae-in, har enno ikkje svart på moglegheita for å benåde Park.

Park vart vald til president i 2013. Ho er dotter av Park Chung-hee, som var diktator og leiar for militæret i 18 år.

(©NPK)