Fransk politi brukte dronar ulovleg til koronakontroll

Det franske datatilsynet seier politiet i landet braut lova då dei brukte dronar til å overvake om folk følgde koronarestriksjonane.
utenriks

Problemet er at enkeltpersonar kan identifiserast på opptak gjort i mai, noko som er eit brot på personvernet, skriv Reuters. Politiet sørgde ikkje for sladding av opptaka, og det finst heller ikkje noko regelverk som regulerer dette, seier datatilsynet CNIL.

Seinare vart opptaka sladda, men funksjonen kan deaktiverast i ettertid.

– Så lenge innanriksdepartementet kan fjerne sladdinga, vil ikkje denne mekanismen hindre at enkeltpersonar blir identifiserte, seier tilsynet. CNIL seier publikum ikkje er informert om bruken av kameradronar og minner om at departementet òg må følgje lova.

(©NPK)