Estland får truleg sin første kvinnelege statsminister

Kaja Kallas har fått i oppdrag å danne ny regjering i Estland. Den 43 år gamle juristen kan bli den første kvinnelege statsministeren i landet.
utenriks

Opposisjonsleiar Kallas har to veker på seg til å danne ny regjering etter at Juri Ratas gjekk av onsdag som følgje av at partiet hans blir etterforska for korrupsjon.

Kallas leiar Reformpartiet og seier ho er i samtalar med Senterpartiet om ein mogleg koalisjon.

– Estland treng ei fungerande regjering, seier Kallas.

Dersom ho lykkast i forhandlingane, kan ho bli andre generasjon Kallas som leier regjeringa i landet. Faren Siim Kallas var statsminister frå 2002 til 2003.

(©NPK)