Engelsk studie: Koronasmitta har immunitet for viruset i rundt fem månader

Koronasmitta kan vere immune mot viruset i rundt fem månader, ifølgje ein ny studie gjort på vegner av Public Health England.
utenriks

Om ein har vorte smitta med korona, reduserer det sjansen for å bli smitta igjen dei første fem månadene med heile 83 prosent. Det konkluderer studien som er gjennomført av SIREN research, skriv CNN.

Rundt 20.000 frivillige helsearbeidarar frå heile Storbritannia deltok i undersøkinga. Der kjem det fram at det berre var 44 av 6.614 personar som vart smitta på nytt. Alle vart jamleg testa for covid-19 i seks månader.

Forskarar åtvarar likevel om at ein ikkje oppnår totalt immunitet eller er heilt verna mot viruset. Det er òg mogleg at somme oppnår ei viss grad for immunitet, men kan framleis smitte andre.

(©NPK)