Elleve demokratiforkjemparar arresterte i Hongkong

Elleve personar er arresterte for å ha hjelpt tolv aktivistar med å rømme frå Hongkong i august i fjor, opplyser politiet torsdag.
utenriks

Dei nye arresterte er åtte menn og tre kvinner, mellom 18 og 72 år.

Arrestasjonane aukar bekymringa for at Beijing tek meir kontroll over Hongkong.

Dei tolv aktivistane vart stoppa av kinesiske styresmakter då dei var på veg til Taiwan i fjor. Somme av dei var ettersøkte i Hongkong for lovbrot knytt til protestane i 2019, som braut ut etter innføringa av ei ny kinesisk sikkerheitslov.

Ti av aktivistane vart dømde til fengsel i den kinesiske byen Shenzhen, for å prøve å krysse grensene ulovleg. Dei to andre var mindreårige og vart henta tilbake til Hongkong. Dei risikerer straff for å ha prøvd å flykte, ifølgje styresmaktene.

(©NPK)