Menneskerettskommisjon: Over 80 sivile drepne i nytt angrep i Etiopia

Minst 80 menneske er drepne eit angrep vest i Etiopia, ifølgje den nasjonale menneskerettskommisjonen i landet.
utenriks

– Vi har fått informasjon om at over 80 sivile vart drepne 12. januar i eit området som heiter Daletti, seier Aaron Maasho til nyheitsbyrået AFP onsdag.

Han er talsmann og rådgivar for kommisjonen, som står etiopiske styresmakter nær.

Daletti ligg i Metekel-distriktet i Benishangul-Gumuz-regionen, der over fleire hundre sivile er drepne sidan september i fjor. Veslejulaftan vart 200 sivile drepne her, ifølgje lokale styresmakter. Massakren skjedde dagen etter at statsminister Abiy Ahmed besøkte området og kravde at skuldige i tidlegare overgrep vart stilte til ansvar.

Barn drepne

Angrepet tysdag skjedde mellom 5 og 7 på morgonen, og offera var frå 2 til 45 år gamle, fortel Aaron. Kommisjonen søkjer framleis informasjon om gjerningspersonane og korleis offera vart drepne, legg han til.

Opposisjonspolitikarar har beskrive valden som etnisk motivert, visstnok ein målretta kampanje frå etniske gumuz-militsar mot medlemmer av andre etniske grupper i området, mellom dei amharer.

Overlevande

Ein overlevande fortel til nyheitsbyrået AFP onsdag at han talde 82 døde og 22 skadde.

– Angrepet vart i hovudsak utført ved bruk av knivar, men også piler og skytevåpen vart brukt, seier han.

– Eg fryktar fleire angrep, sidan gjerningspersonane ikkje blir straffa, og det er inga fungerande regjering verken på lokalt eller regionalt nivå, seier han vidare.

Abiy har slite både med å innføre ro og orden i Metekel og å forklare kva som er årsaka til valden. Det er ingen samband mellom massakrane her og militæroperasjonane heilt nord i landet.

Etiopia er sett saman av over 80 etniske grupper og har opplevd aukande uro og valdelege samanstøytar dei siste månadene.

Tigray-offensiv

Uroa toppa seg då regjeringa i Addis Abeba innførte unntakstilstand i Tigray-regionen nord i landet og innleidde ein stor militæroffensiv for å nedkjempe Tigray-folk frigjeringsfront (TPLF).

TPLF styrte Etiopia frå 1991 til Abiy kom til makta i 2018 og heldt deretter fram å styre Tigray-regionen som ein stat i staten. I september trassa dei Abiys forbod mot å halde val i regionen og angreip ein militærbase.

Andre regionar blir òg prega av uro. I Oromia vart 54 menneske drepne i ein massakre 1. november, ifølgje Amnesty International.

Fleire angrep

Oromo-folket er den største etniske gruppa i landet, men offera i den massakren tilhøyrde amharene, som er den nest største folkegruppa.

Også i Benishangul-Gumuz har amharer vore utsette for angrep dei siste månadene, mellom anna i byrjinga av oktober då 14 sivile vart drepne.

Det var òg dødelege angrep mot amharer i området i september.

(©NPK)