Internett nede før valet i Uganda

Innbyggjarar over store delar av Uganda ser ut til å ha mista nettilgangen dagen før presidentvalet i landet.
utenriks

Nyheitsbyrået AP skriv at det truleg er styresmaktene som har kutta tilgangen til internett.

– Uganda er midt i ein landsomfattande internett-blackout, fortel organisasjonen Netblocks. Nettilgangen skal ha falle til 33 prosent av det normale nivået i landet.

Samtidig fortel ein av advokatane til opposisjonskandidat Bobi Wine at bustaden til Wine nærast har vorte omringa av politi og tryggingsstyrkar.

38 år gamle Wine prøver å utfordre president Yoweri Museveni, som har sete ved makta i 34 år. Museveni har ikkje tenkt å gi seg med det og ønskjer seg ein sjette presidentperiode.

(©NPK)