Pandemien utfordrar demokratiet, viser svensk forsking

Demokratiet er sett på prøve under koronapandemien, viser ein forskingsrapport frå universitet i Göteborg.
utenriks

Av 144 granska land, har 95 innført smitteavgrensingstiltak som bryt med demokratiske prinsipp, konkluderer rapporten frå forskingsinstituttet V-Dem.

– Pandemien har vorte brukt som ei unnskyldning av styresmakter til å innføre tiltak som dyttar land i ei mindre demokratisk retning, seier professor Steffan I. Lindberg, som har leidd forskingsprosjektet, til nyheitsbyrået TT.

– Det dreier seg om innskrenkingar i pressefridom, diskriminering mot minoritetar og avgrensingar i forsamlingsfridom, legg han til.

Kan bli varige

26 av landa har oppheva tiltak som bryt med demokratiske prinsipp. Lindberg er likevel bekymra for utviklinga.

– 69 land har framleis store brot på internasjonale menneskerettsnormer. 18 av desse blir rekna som demokrati, seier han.

– Dette bør sjåast på som veldig alvorleg, understrekar han.

Samfunnsforskaren trekkjer fram både Brasil og India som døme på demokratiske land, der unntakstilstand har redusert forsamlingsfridom.

– Sjølvsagt finst det legitime tiltak i ein slik situasjon, men det er viktig at dei er retta mot den konkrete trusselen frå viruset og er tidsavgrensa, seier Lindberg.

– Forsking viser oss at dersom ein innfører uavgrensa unntakstilstandar, så har dei ein tendens til å vare i fleire tiår. Det finst gode historiske døme, som Israel etter 1967, Englands handtering av Nord-Irland og USAs Patriot Act, understrekar han.

Kritisk til forbod

Når det gjeld pressefridom viser oversikta at fleire land har arrestert og bøtelagt journalistar, bloggarar og aktivistar skulda for å ha spreidd feilinformasjon om viruset.

Lindberg innrømmer at det er viktig å få bukt med desinformasjon som kan vere farleg, slik som konspirasjonsteoriar om til dømes vaksinar.

– Å stoppe slikt er viktig, men spørsmålet er om det burde skje ved å gi politikarar meir makt til å innføre forbod, eller om det i staden kan argumenterast mot og tilbakevisast, seier Lindberg.

Han understrekar at i både Polen og Ungarn har politikarar fått moglegheit til å avgjere kva slags informasjon som blir rekna som skadeleg for interessene i nasjonen. Dette kan bidra til å avgrense moglegheita opposisjonen har til å ytre seg, trur han.

Større trend

Tilbakeslaget for demokrati under pandemiperioden har ikkje komme heilt overraskande på. Ifølgje Lindberg er det del av ein trend som har auka dei siste åra.

– Dei siste ti åra har verda vore i ein avdemokratiseringsprosess. Denne vart forsterka i 2019. Då vart talet på land som blir rekna som demokrati, ein minoritet på verdsbasis, seier han.

– Det er ikkje gitt at vi heile tida rører oss mot ei meir demokratisk verd, understrekar Lindberg.

(©NPK)