Leiar for iransk atomprogram drepen i attentat

Den iranske forskaren Mohsen Fakhrizadeh, som blir omtalt som leiar for eit militært atomprogram, er drepen i eit attentat utanfor Teheran.
utenriks

Det fortel iranske medium.

Forsvarsdepartementet i Iran stadfestar meldingar frå nyheitsbyrået Fars og andre iranske medium om at Fakhrizadeh vart drepen i Absard, rundt 70 kilometer aust for den iranske hovudstaden Teheran.

Detaljane rundt attentatet er ikkje kjende, men ifølgje Fars angreip væpna menn bilen hans då han kom køyrande.

Tre eller fire av angriparane vart ifølgje nyheitsbyrået drepne i skotvekslinga som følgde.

Leidde atomprogram

Fakhrizadeh leidde ifølgje den israelske avisa Haaretz for snart 20 år sidan eit militært atomprogram og vart i 2008 sett på USAs sanksjonsliste. Det er uklart kva posisjon han hadde no.

I 2018 vart han namngitt av Israels statsminister Benjamin Netanyahu under ein pressekonferanse.

– Hugs dette namnet, sa Netanyahu, som skuldar Iran for å utvikle atomvåpen i skjul.

Avvikla

Etter at president Donald Trump trekte USA frå atomavtalen med Iran i 2018, innførte amerikanarane sanksjonar mot organisasjonen Fakhrizadeh leidde, kjent under forkortinga SPND.

Ifølgje amerikanske styresmakter var dette ein militær organisasjon som vurderte moglegheiter for å utvikle atomvåpen. Iranske styresmakter aviser at dei ønskjer å utvikle slike våpen.

Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) stadfesta i ein rapport i 2015 at Fakhrizadeh tidlegare leidde eit program som undersøkte «ein mogleg militær dimensjon i Irans atomprogram», men dette arbeidet vart ifølgje IAEA avvikla tidleg på 2000-talet.

Skuldar Mossad

Det er ikkje kjent kven som stod bak attentatet på fredag, men den israelske etterretningstenesta Mossad blir skulda for å ha likvidert minst fire iranske atomforskarar tidlegare.

Ein amerikansk tenestemann og to etterretningskjelder seier til The New York Times at Israel stod bak attentatet.

Det same hevdar Irans utanriksminister Mohammad Javad Zarif.

– Terroristar drap i dag ein framståande iransk forskar. Denne feigskapen, som det er sterke indikasjonar på at Israel står bak, viser at dei skuldige er svært krigslystne, heiter det i ei fråsegn frå Zarif.

Tidlegare attentat

Vestlege etterretningskjelder har tidlegare stadfesta at Mossad har stått bak tidlegare attentat, og iransk tryggingsteneste har opp gjennom åra avdekt fleire attentatplanar og arrestert og dømt iranarar som skal ha medverka.

– Dei dødelege angrepa mot iranske atomforskarar blir utførte av ei iransk dissidentgruppe som er finansiert, trena og væpna av israelsk etterretning, stadfesta fleire høgtståande amerikanske etterretningskjelder overfor NBC News i 2012.

Den iranske gruppa det blir vist til er Mujahedin-e-Khalq (MeK), som tidlegare har vore å finne både på USAs og EUs terrorliste.

Dødsdømd

Den svensk-iranske forskaren Ahmadreza Djalali vart av ein iransk domstol i 2017 dømd til døden etter å ha vorte funnen skuldig i å ha gitt opplysningar til Mossad om to iranske atomforskarar som vart drepne. Djalali er enno ikkje avretta.

Den iranske Revolusjonsgarden seier i ei kunngjering at attentatet på Fakhrizadeh vil bli hemna. Generalstabssjefen i landet, Mohammad Bagheri, varslar òg hemn.

– Terrorgrupper, leiarane og gjerningsmennene bak dette feige attentatet bør vite at ein alvorleg hemn ventar dei, skriv han i ei Twitter-melding som er gjeven att av det statlege nyheitsbyrået IRNA.




(©NPK)