Fleire tital innesperra i gullgruve i Zimbabwe

Rundt 40 personar er sperra inne etter at ei sjakt i ei nedlagd gullgruve i Zimbabwe kollapsa, opplyser fagforeininga til gruvearbeidarane i landet.
utenriks

Ulykka skjedde i byen Bindura, rundt 70 kilometer nord for hovudstaden Harare, opplyser Wellington Takavarash i foreininga.

AFPs journalistar var vitne til at redningsarbeidarar pumpa vatn ut av ei overfløymd hovudsjakt, i håp om å opne ein veg til gruvearbeidarane. Ran-gruva blir omtalt som nedlagt, men det var likevel aktivitet der.

– Vi forstår det slik at nokre organiserte gruvesyndikat har drive der, seier Nathan Nkomo, som representerer redningstenesta.

– Etter at nokre pilarar vart sprengde, kollapsa heile gruva, seier han, og legg til at det nøyaktige talet på kor mange som er ramma ikkje er kjent. Seks arbeidarar er redda ut og sende til sjukehus.

(©NPK)