EU og Moderna samde om ny vaksineavtale – dekkjer òg Noreg

EU-kommisjonen inngår avtale med Moderna om kjøp av inntil 160 millionar vaksinedosar. Også Noreg er omfatta av avtalen.
utenriks

Den nye avtalen skal godkjennast formelt i eit møte med kommisjonen onsdag, seier leiar Ursula von der Leyen.

– Når vaksinen er godkjend og vi veit han er sikker, vil han bli tilgjengeleg for alle medlemsland samtidig og til same vilkår, seier ho. Vaksinen blir fordelt blant EU-landa basert på folketal. Noreg er med på EUs vaksineavtalar.

Avtalen med Moderna er den sjette i rekkja for EU. Ifølgje selskapet viser førebelse resultat at vaksinen er 95 prosent effektiv.

(©NPK)