Full fart mot uviss brexit

Det endelege farvelet frå britane til EUs indre marknad nærmar seg med stormsteg, men førebels er avtalen om livet etter 1. januar i det blå.
utenriks

Etter at skilsmisseavtalen var eit faktum sist vinter, er det no berre seks veker igjen av overgangsperioden. Ved årsskiftet må britane flytte ut og levere frå seg nøklane til den indre marknaden.

Dei siste vekene har forhandlingane vorte intensiverte. Denne fasen har vorte omtalt som «tunnelen» eller «ubåten», der ein stengjer seg inne og lite slepp ut om korleis det går. Nokon frasar går likevel igjen, som at «det er framgang, men avstanden er stor på viktige punkt».

Mantra

Fredag var EU-kommisjonens leiar, Ursula von der Leyen, meir optimistisk i tonen då ho melde om «betre framgang og meir bevegelse på viktige område» dei siste dagane.

EU har heile vegen understreka at dei «ønsker ein avtale, men ikkje for kva pris som helst».

Også britane har mantraa sine, inkludert eitt som sår tvil ved om dei i det heile vil ha ein avtale.

– «Ikkje nokon avtale er betre enn ein dårleg avtale», er noko som sit godt i. Uttrykket vart i si tid lansert av Theresa May, men ekkoet høyrest framleis i London, seier Øivind Bratberg til NTB. Han er førstelektor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og ein av redaktørane bak britiskpolitikk.no.

Innhald og kommunikasjon

Bratberg ser på innspurten i forhandlingane som to parallelle prosessar.

– Den eine er det som går føre seg bak lukka dører. Der trur eg begge sider har ei sterk felles interesse av å komme fram til ei løysing, seier han. Den andre prosessen handlar om korleis sluttresultatet skal presenterast.

– Den britiske regjeringa vil nok unngå å sitje med ein avtale der det er openbert at dei har gitt etter på sine «raude linjer», altså urokkelege krav. Det vil føre til eit veldig køyr i pressa og kraftig politisk kritikk, forklarer Bratberg.

– For EU vil det vere viktig å vise at britane ikkje har fått en masse særordningar.

Trur på kompromiss

Dei vanskelegaste punkta er dei same no i innspurten som dei var ved starten: konkurransereglar, fiskeri og handheving av avtalen. Bratberg trur det er mogleg å finne kompromiss i desse sentrale spørsmåla.

– Eg trur dei klarer det. Eg trur det blir ein avtale, men at han ikkje blir veldig ambisiøs. Eg trur dei kjem fram til eit minimum så ikkje varer og folk hopar seg opp på grensa, men at dei forhandlar vidare om detaljar rundt mellom anna tenester og finans, seier han.

Også han merkar seg at ei rekkje tidsfristar har roke undervegs, men vil ikkje tidfeste nokon absolutt sluttstrek.

– Det synest å vere ein vilje til å kaste om på ting i desember, både i EU-rådet og den siste voteringa i EU-parlamentet. Det gir spelerom inn i adventstida, men ting blir meir shaky jo nærare vi kjem nyttår.

– Eit visst ansvar

I tillegg til at han trur det er mogleg på oppnå eit kompromiss, håpar Bratberg at dei britiske regima for grensekontroll er tilstrekkeleg når overgangsperioden går ut.

– Det siste ein treng no, er full krasj frå nyttår. Både folkehelse og forsyningstryggleik står overfor reelle risikoar, så ein har eit visst ansvar for å bringe dette i land, avsluttar han.



(©NPK)