Torsdag kveld amerikansk tid kunngjorde firmaet Porter Wright Morris & Arthur plutseleg at dei trekte seg frå søksmålet, som handlar om å blokkere Pennsylvania frå å godkjenne valresultata sine.
President Donald Trump og teamet hans har sett i gang ei rekkje søksmål i fleire statar for å hindre at valresultat blir godkjende i delstatar Joe Biden vann.
Det er ikkje kjent om firmaet òg vil trekke seg frå andre søksmål i Pennsylvania. Trump ligg 58.000 stemmer etter i delstaten. Valkampen har førebels ikkje komme med bevis på skuldingane sine om at tusenvis av ugyldige stemmer har vorte talt opp.
(©NPK)