FN og nabolanda bekymra: – Krigen i Vest-Sahara har byrja igjen

Marokko har starta ein militæroperasjon i Vest-Sahara, og frigjeringsrørsla Polisario meiner våpenkvila er over. Nabolanda og FN ber partane roe seg.
utenriks

Våpenkvila som har vart sidan 1991, er slutt som følgje av at Marokko har starta ein militæroperasjon for å gjenopne vegen til nabolandet Mauritania, meiner Polisario.

Marokkos versjon er at dei vil gjenopne fri flyt av handels- og passasjertrafikk mellom Vest-Sahara og Mauritania, og stoppe blokaden som Polisario-troppar har etablert sidan 21. oktober. Dei skuldar òg Polisario for trakassering av observatørar frå FN-styrken Minurso.

Begge nabolanda, Algerie og Mauritania, ber partane vere ansvarlege og roe seg. Det gjer òg FN.

– Generalsekretæren vil gjere sitt ytste for å unngå at våpenkvila kollapsar, seier FNs generalsekretær António Guterres gjennom ein talsmann.

(©NPK)