Festen er ikkje over, det er kake igjen, ser ut til å vere mantraet i Trumps administrasjon. Handelsrådgivaren til den avtroppande presidenten, Peter Navarro, opplyser nemleg at planlegginga av ein ny Trump-periode er i gang for fullt.
– Vi held fram arbeidet i Det kvite hus i trua på at det vil vere ein andre Trump-periode, seier Navarro.
Trump har enno ikkje erkjent valnederlag, sjølv om alle store nyheitsmedium har utropt Joe Biden til vinnar. Biden har òg fått gratulasjonar frå dei fleste land i verda.
(©NPK)