USA provoserer Kina med nytt Taiwan-besøk

USA sender ein høgtståande tenestemann til Taiwan, der han skal delta i ein minneseremoni for tidlegare president Lee Teng-hui.
utenriks

Lee Teng-hui, som var president på Taiwan frå 1988 til 2000, døydde i juli, 97 år gammal. Laurdag skal det vere ein minneseremoni, og viseministeren for økonomisk vekst, energi og miljø i USA, Keith Krach, vil delta.

Krach er den øvste amerikanske tenestemannen som har vitja Taiwan sidan 1979, då Washington vedtok å sjå på øya som ein del av «eitt Kina».

Forverra

Under president Donald Trump har likevel USA sin relasjon til Beijing vorte stadig verre, og Krachs besøk på Taiwan vil neppe gjere det betre.

– Kina er sterkt imot dette besøket, seier ein talsmann for kinesisk UD.

Ifølgje talsmannen Wang Wenbin vil Krachs besøk «oppmuntre den arrogante haldninga» til separatistane som krev sjølvstende for Taiwan.

Få anerkjenner

Kina og Taiwan har vore skilde sidan 1949 då kommunistane vann den kinesiske borgarkrigen og overtok makta på fastlandet. Nasjonalistane søkte tilflukt på øya Taiwan.

I praksis har Taiwan fullt sjølvstyre, men Kina truar med invasjon dersom leiinga i Taipei formelt erklærer sjølvstende.

Berre eit fåtal land anerkjenner Taiwans suverenitet, og Noreg er ikkje blant dei. Noreg anerkjende i 1971 regjeringa i Beijing som einaste rettmessige representant for Kina.

(©NPK)