Tegnell: Lite influensa bidrog til høg koronadøying

Sveriges høge koronadødstal kan delvis forklarast med at det var ein mild influensasesong i 2019, meiner statsepidemiolog Anders Tegnell.
utenriks

– Det finst ei sterk kopling mellom ei låg overdøyelegheit som følgje av influensa og høg overdøyelegheit av covid-19, seier Tegnell til avisa Dagens Nyheter.

At influensasesongen var mild, gjorde at mange av dei sjuke og sårbare, som vanlegvis er dei første som døyr under ein vanleg influensa, overlevde. Deretter vart dei smitta av koronaviruset og døydde av dette i staden, ifølgje Tegnell.

– Det ein no har sett, er at dei landa som har hatt ei ganske låg døyelegheit av influensa dei siste to, tre åra, som Sverige, har ei veldig høg overdøyelegheit av covid-19, seier han.

– Medan dei som hadde høg influensadøying dei to siste vintrane, som Noreg, har hatt ganske låg covid-døyelegheit. Ein har sett same tendens i fleire land. Dette er kanskje ikkje heile forklaringa, men ein del av ho, meiner Tegnell.

87.575 har til no testa positivt for koronavirus i Sverige, der det er registrert 5.860 koronarelaterte dødsfall.

Sverige har dermed 58 dødsfall per 100.000 innbyggjarar, nesten like mange som USA. Noreg har til samanlikning fem, Finland sju og Danmark elleve. Gjennomsnittet i verda er tolv.

(©NPK)