Rike land har gjort krav på halvparten av den framtidige vaksineforsyninga

Rike land som berre husar 13 prosent av befolkninga i verda, har kjøpt opp over halvparten av det som ser ut til å bli den globale forsyninga av koronavaksinen.
utenriks

Det kjem fram i ein ny rapport frå den britiske hjelpeorganisasjonen Oxfam.

Organisasjonen har gjennomgått avtalar gjort av farmasøytiske selskap og vaksineprodusentane bak fem av dei leiande vaksinekandidatane som for augneblinken er i prøvefasar. Dataa er innhenta av analyseselskapet Airfinity.

Dei fem vaksinekandidatane som er analyserte, er AstraZeneca, Gamaleya/Sputnik, Moderna, Pfizer og Sivonac. Oxfam meiner selskapa har kapasitet til å produsere 5,9 milliardar dosar, som vil vere nok for tre milliardar menneske, gitt at alle fem vaksinane truleg må blir gitt i to dosar.

Til no er det gjort avtalar for 5,3 milliardar dosar.

2,7 av desse har vorte kjøpte av industrialiserte land og område, som USA, Storbritannia, EU, Australia og Hongkong, medan 2,6 milliardar er kjøpt opp av land som India, Bangladesh, Brasil og Mexico.

(©NPK)