Libyas FN-støtta statsminister går av

Libyas statsminister Fayez al-Sarraj, som leier den FN-anerkjente regjeringa i landet (GNA), går av i oktober.
utenriks

– Eg kunngjer med dette at det er det oppriktige ønsket mitt å gi ansvaret til den neste leiinga seinast i oktober, sa han i ein TV-send tale onsdag kveld.

Fayez al-Sarraj har leidd den FN-støtta regjeringa i hovudstaden Tripoli sidan den vart oppnemnd i 2016.

Ei rivaliserande regjering held til i hamnebyen Tobruk heilt aust i landet.

Nato-bombing

Oljerike Libya har vore prega av kaos og anarki sidan opprørarar med luftstøtte frå Noreg og andre NATO-land i 2011 styrta Muammar Gaddafis regime.

Ei rekkje militsgrupper med støtte frå ulike land kjempar om makta, noko som har bidrege til å gjere Libya til eit senter for menneskehandel og eit bruhovud for flyktningar og migrantar som prøver å ta seg sjøvegen til Europa.

Opprørsgeneralen Khalifa Haftar og den mektige LNA-militsen hans har base i Tobruk og kontrollerer dei austlege delane av landet. I april 2019 innleidde dei ein offensiv for å ta makta i Tripoli.

Forhandlar

Haftar blir støtta av Egypt, Dei sameinte arabiske emirata, Saudi-Arabia og Jordan, og LNA-militsen har òg tusenvis av utanlandske leigesoldatar i sine rekkjer, mellom anna frå Russland, Syria og Sudan.

Offensiven gjekk etter kvart dårleg, og førre månad vart det oppnådd semje om våpenkvile med GNA-regjeringa, som har fått militær støtte frå Tyrkia.

Forhandlingar om ein fredsavtale går no føre seg i Marokko, og partane er alt samde om at det skal utpeikast ny regjering.

Det blir frykta at Sarrajs avgang no vil føre til rivalisering mellom fraksjonane i GNA-regjeringa.



(©NPK)