Historisk nedgang på New Zealand

New Zealands BNP krympa med 12,2 prosent i andre kvartal. Det er den største kvartalsvise nedgangen som nokosinne har vorte registrert i landet.
utenriks

Tala var likevel noko betre enn forventa, og finansminister Grant Robertson meiner regjeringa gjorde rett i å stengje grensene i mars og innføre strenge nedstengingstiltak.

– Å gå ut hardt og tidleg mot pandemien gjorde at vi kan komme tilbake fortare og sterkare, seier han.

New Zealand har berre registrert 25 koronarelaterte dødsfall.

Men før valet neste månad skuldar delar av opposisjonen Jacinda Arderns regjering for å svikte befolkninga, sidan dei ikkje har halde økonomien gåande.

(©NPK)