5.000 asylsøkjarar flytta til ny leir på Lesvos

Rundt 5.000 asylsøkjarar frå den nedbrente Moria-leiren på Lesvos har flytta inn i den nye teltleiren på Lesvos, opplyser greske styresmakter.
utenriks

Den nye Kara Tepe-leiren ligg drygt 2 kilometer utanfor Mytilene, byen som er administrasjonssenter på Lesvos.

Tusenvis av asylsøkjarar har levd utan tak over hovudet sidan Moria-leiren brann ned førre veke, og mange politifolk var torsdag på plass for å overtale dei til å flytte inn i Kara Tepe-leiren.

Til saman har rundt 5.000 no komme den nye leiren, opplyste den greske migrasjonsministeren Notis Mitarachi same ettermiddag. Blant dei har 135 fått påvist koronasmitte og vorte sett i karantene.

Mitarachi seier at det vil ta «nokre dagar» før dei har fått flytta dei rundt 7.000 attverande asylsøkjarane.

Dårleg standard

Tenestemenn vekte asylsøkjarane i telta deira torsdag morgon for å ta dei med til den nye leiren, som har vorte sett opp i all hast etter brannen. Rundt 170 styresmaktspersonar deltok i arbeidet med å prøve å få asylsøkjarane til den nye leiren.

Mange av asylsøkjarane, som har halde til fleire år i Moria-leiren, har nekta å flytte inn i den nye leiren. Dei krev i staden å få komme til det greske fastlandet og få asylsøknadene sine behandla der.

Den nye leiren består av store familietelt og hadde ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) onsdag kapasitet til å huse rundt 8.000 menneske.

– Dei fortel oss at dei ikkje kan ta med seg noko inn i den nye leiren, fordi alt blir teke frå dei, seier den tyske legen Gerhard Trabert, som jobbar med bistandsorganisasjonar på Lesvos, til nyheitsbyrået DPA.

Den greske advokaten Elli Kriona, som representerer asylsøkjarane på Lesvos, seier at det var lite informasjon om den nye leiren, men at han er av låg standard.

– Det er forferdeleg, det er ikkje noko der. Det er ikkje nok toalett, ingen dusjar, ikkje eingong ei seng, seier Mustafa, ein asylsøkjar frå Sudan, til nyheitsbyrået AFP.

Ingen samanstøytar

Det vart ikkje meldt om samanstøytar gjennom dagen etter at politiet innleidde operasjonen.

– Alt har gått roleg for så langt, seier Trabert.

Moria-leiren hadde kapasitet til drygt 2.700 menneske, men over 12.500 levde i og rundt leiren då han brente ned.

Seks afghanske asylsøkjarar, blant dei to mindreårige, er arresterte, mistenkte for å ha tent på brannen som la store delar av Moria-leiren i oske.


(©NPK)