USA har sikta sju personar i omfattande hackarsak

USA har sikta sju personar, fem kinesarar og to frå Malaysia, for å ha stole data frå regjeringar, organisasjonar og selskap, opplyser justisdepartementet.
utenriks

Ifølgje amerikansk påtalemakt har dei fem kinesarane hacka over 100 selskap i USA og andre land. Dei fem kinesiske statsborgarane skal ha tilknyting til kinesiske styresmakter, heiter det i tiltalen frå det amerikanske justisdepartementet, ifølgje Financial Times.

USAs visejustisminister Jeffrey Rosen kritiserer den kinesiske regjeringa.

– Dessverre har det kinesiske kommunistpartiet valt å gjere Kina til ein fristad for nettkriminelle så lenge dei angrip datamaskiner utanfor Kina og stel eigedom som ikkje er materielt og gagnar Kina, seier han i ei fråsegn.

IT-sektoren ramma

Det er særleg IT-selskap som programvareutviklarar og dataprodusentar som har vorte offer for hackarangrepa. Men staten, frivillige organisasjonar, universitet og tenkjetankar, i tillegg til demokratiaktivistar i Hongkong, er òg ramma.

Ein amerikansk organisasjon som følgjer situasjonen til den uiguriske minoriteten i Kina, har òg vorte hacka, skriv nyheitsbyrået AFP.

Det er anteke at hackarangrepa har gått føre seg over ein periode på seks år. Dei fem sikta kinesarane er på frifot, skriv Financial Times. Dei to malaysiske forretningsmennene som er sikta i saka, vart arresterte i Malaysia måndag.

Store beslag

Dei sikta frå Malaysia blir skulda for å tene på at kinesiske hackarar stal informasjon frå selskap som produserer dataspel. Desse selskapa har hovudkontor i USA, Frankrike, Japan, Singapore og Sør-Korea, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Det amerikanske justisdepartementet har beslaglagt og etterforska hundrevis av serverar, kontoar, domenenamn og anna som hackarar bruker for å stele data frå offera. Skuldingane er dei siste i ein serie frå amerikanske styresmakter.

Den kinesiske regjeringa har gong på gong nekta for amerikanske påstandar om at dei stel data frå utlandet eller ser gjennom fingrane med dei ulovlege aktivitetane til hackarar.

(©NPK)