Svenske smittetal blant dei lågaste i Europa

Ei lang rekkje land i Europa opplever i desse dagane ei markant stigning i talet på nye koronatilfelle. Men ikkje Sverige, der ser det ut til å gå riktig veg.
utenriks

Heilt sidan juli har Sverige med enkelte unntak hatt mellom eitt og fem koronarelaterte dødsfall per døgn. Onsdag var talet igjen oppe i ni, men det er lite som tyder på at smittetala er på veg oppover igjen.

Dei siste 14 dagane er det «berre» registrert 22,2 smittetilfelle per 100.000 innbyggjarar i nabolandet vårt, medan Noreg har registrert 28,4 smittetilfelle og Danmark 48,5 smittetilfelle per 100.000 innbyggjarar.

Det viser ei oversikt frå Det europeiske senteret for førebygging og kontroll av sjukdom (ECDC). Og det ser endå verre ut i fleire søreuropeiske land.

I Spania er det registrert 279 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste 14 dagane. Også i Frankrike, Tsjekkia og Malta er det registrert over 100 tilfelle per 100.000 innbyggjarar.

22 av Europas 31 land har i perioden hatt høgare smittetal enn Sverige.

– Berekraftig strategi

ECDCs oversikt er laga på bakgrunn av tal frå kvart enkelt land i perioden frå 2. til 15. september.

Sveriges statsepidemiolog Anders Tegnell seier i eit intervju med den franske nyheitskanalen France 24 at Sveriges omstridde koronastrategi ber frukt.

– Vi har ikkje ei oppblussing av sjukdommen, slik mange andre land har, seier han.

– Til slutt vil vi sjå kva det vil seie å ha ein meir berekraftig strategi, som ein kan halde oppe i lengre tid, i staden for ein strategi der ein stengjer ned, opnar opp og stengjer ned om og om igjen, legg han til.

Opne skular

Sverige har under pandemien halde alle skular for elevar under 16 år opne. Også barar og restaurantar har vore opne, men med klare reglar om at kundane må halde avstand og få bordservering. Det har ikkje vore tilrådd bruk av munnbind.

Landet har likevel innført besøksforbod på sjukeheim og i eldrebustader, men det vart oppheva denne veka grunna den positive utviklinga.

I alt har 5.860 personar døydd i Sverige etter å ha vorte smitta av koronaviruset, medan 87.575 personar har fått påvist koronasmitte.

Til samanlikning har 12.293 personar fått påvist viruset i Noreg, medan 265 personar har døydd.

Folkehelseinstituttet tilrådde denne veka at karantenekrava blir fjerna for dei svenske regionane Kalmar og Blekinge. Frå før av kan ein reise til Noreg frå Värmland, Örebro, Gotland, Västernorrland, Jämtland og Västerbotten utan å måtte halde til ti dagar i karantene.

(©NPK)