Røyk frå brannane på vestkysten av USA har nådd Europa

Røyk frå brannane som har svidd av store område langs vestkysten av USA, har nådd heilt til Europa, ifølgje EUs klimaovervakingssenter.
utenriks

Satellittdata viser at brannane som herjar delstatane California, Oregon og Washington, er utan sidestykke, og «ti eller hundre gonger så kraftige» som gjennomsnittet dei siste åra, ifølgje Copernicus Atmosphere Monitoring Service (CAMS).

Trykket i atmosfæren har gjort at røyk frå brannane har vorte liggjande over den vestlege delen av Nord-Amerika i dagevis, noko som har ført til potensielt farleg luftkvalitet over storbyar som Portland, Vancouver og San Francisco.

Over New York

Men måndag kom eit vêrskifte som førte røyken austover med luftstraumane, noko som gjorde at røyken var synleg over New York tysdag.

CAMS har no registrerte røykpartiklar frå brannane heile 8.000 kilometer aust for brannane, noko som tyder at dei har nådd Nord-Europa.

Instituttet talfestar òg at brannane har ført til utslepp av over 30 millionar tonn karbondioksid sidan midten av august.

– Øydeleggjande

– Nivået og storleiken på desse brannane er på eit mykje høgare nivå enn i nokon av dei 18 åra som våre overvakingsdata dekkjer, seier Mark Parrington, ein av seniorforskarane i CAMS.

Instituttet byrja å registrere denne typen data i 2003.

– Den kjennsgjerninga at desse brannane slepp ut så mykje ureining i atmosfæren at vi framleis kan sjå tjukk røyk meir enn 8.000 kilometer unna, viser kor øydeleggjande dei har vore når det gjeld storleik og varigheit, seier han.

Brannane har allereie svidd av areal på til saman to millionar hektar, eller 20.000 kvadratkilometer, i USA.

(©NPK)