Orkanen Sally har nådd kysten av USA

Den saktegåande orkanen Sally slapp enorme mengder nedbør over USAs golfkyst etter at han slo inn over kysten i Florida og Alabama onsdag morgon.
utenriks

I dei tidlege morgontimane vart Sally oppgradert til ein såkalla kategori 2-orkan, men etter at han kom inn over land, vart han nedgradert til kategori 1.

Orkanen slo inn over kysten av Alabama natt til onsdag med ein vindstyrke på opp mot 47 sekundmeter, ifølgje USAs nasjonale orkansenter (NHC).

Men sidan han rører seg svært langsamt framover – berre 5–7 kilometer i timen, rekk han å sleppe frå seg store mengder nedbør før han flyttar seg vidare.

Guvernøren i Alabama, Kay Ivey, erklærte unntakstilstand alt måndag og bad folk langs kysten om å søkje tilflukt andre stader.

Både i Alabama og Florida vart det alt tysdag meldt om røffe bølgjer og stormflod, og det fall opptil 100 millimeter regn. Rundt 75.000 bustader var tysdag kveld utan straum på strekninga mellom Tallahassee i Florida og Mobile i Alabama.

NHC har varsla nedbørsmengder på opptil 750 millimeter i samband med orkanen og eit historisk høgt flaumnivå. Ein halv million husstandar og forretningar har òg mista straumen.

– Historisk og livsfarleg flaum kan ventast langs delar av den nordlege kysten mot Mexicogolfen, heiter det i åtvaringa frå orkansenteret.

Ein meter vatn i gata

I sentrum av Pensacola i Florida vart det målt nærare ein meter vatn i gatene, og også andre stader vart det meldt om flaum. Også Mississippi er i full beredskap.

Eit stykke av ei ny vegbru, Three Mile Bridge ved Pensacola, kollapsa, og bergingsarbeidarar prøvde å hindre ein lekter i å drive inn i ei anna bru.

Redningsmannskap henta ut titals menneske frå overfløymde bustader. I Escambia-fylket vart 40 redda, inkludert ein familie på fire som vart henta frå eit tre, ifølgje sheriff David Morgan.

Han reknar med at fleire tusen andre blir nøydde til å rømme frå det stigande vatnet i dagane som kjem.

– Det er heile lokalsamfunn som vi blir nøydde til å evakuere. Det blir ein svær operasjon dei neste dagane, seier han.

Fleire vart òg redda frå øyar utanfor kysten i Alabama, og i Orange Beach vart fasaden på fem etasjar av ei bustadblokk blåse vekk.

Stormar på rekkje og rad

Sally er den andre orkanen som rammar golfkysten på under tre veker.

Fire andre tropiske stormar er òg under oppsegling i Atlanterhavet, eit fenomen som berre er registrert ein gong tidlegare, i september 1971, ifølgje NHC.

President Donald Trump samanlikna tysdag Sally med orkanen Laura, som ramma Texas og Louisiana for få veker sidan.

– Denne er mindre, men meir direkte, men vi har han under kontroll, sa han.

Akkurat som skogbrannane på vestkysten fører dei mange orkanane til søkjelys på klimaendringar.

Sjølv om det ikkje er påvist at klimaendringar fører til fleire orkanar, seier forskarane at orkanane som likevel kjem, flyttar seg saktare, fører med seg meir nedbør og blir kraftigare, mellom anna fordi vatnet i Karibhavet er varmare som følgje av klimaendringane.

Teddy på veg

Meteorologiorganisasjonen i verda (WMO) har i år registrert så mange tropiske stormar i Atlanterhavet at dei er i ferd med å gå tom for namn. Det har berre skjedd ein gong tidlegare, i 2005, då orkanen Katrina forårsaka store øydeleggingar i New Orleans.

Måndag slo orkanen Paulette inn over Bermuda, og NHC oppgraderte onsdag òg den tropiske stormen Teddy i Atlanterhavet til orkan.

Teddy er no drygt 1.300 kilometer aust for Dei små Antillane og har opp mot 78 sekundmeter vind i kasta. Det er venta at han vil styrke seg ytterlegare og blir truleg kategori 4 gjennom torsdagen, ifølgje NHC.




(©NPK)