Knusande kongressrapport om Boeing

Flyprodusenten Boeing må tole knusande kritikk i ein ny kongressrapport etter dei to katastrofale flyulykkene med Boeing 737 Max i 2018 og 2019.
utenriks

I rapporten blir ulykkene omtalte som «ei frykteleg kulminering» av ingeniørtabbar, dårleg leiing og alvorleg mangel på oversikt.

Rapporten kjem frå ein komité i Representanthuset, der Demokratane har fleirtal.

– Rapporten vår skildrar sjokkerande avsløringar av korleis Boeing – sat under press i konkurranse med Airbus og for å levere profitt for Wall Street – slapp unna FAAs gransking, heldt tilbake informasjon frå pilotane og når alt kom til alt, gjorde at flya som kosta 346 uskuldige menneske livet, var i trafikk, seier Peter DeFazio, som leiar transport- og infrastrukturkomiteen.

– Gambla med tryggleiken

I rapporten blir det retta kritikk både mot Boeing og USAs luftfartstilsyn FAA. Rapporten er resultatet av ei 18 månader lang gransking der over 20 tilsette i Boeing og FAA er intervjua.

– Det som er særleg frustrerande, er at Boeing og FAA gambla med tryggleiken til publikum i den kritiske perioden mellom dei to ulykkene, seier DeFazio.

Ein rapport frå USAs samferdselsdepartement som vart lagt fram i juli, slår fast at ingeniørane som skulle godkjenne Boeings 737 Max-fly, ikkje vart informerte om endringar i systemet som forårsaka alvorlege ulykker.

Informerte ikkje om endringar

Endringa var at det var installert eit såkalla MCAS-program som pressa nasen på flyet ned for å unngå at det stegla, noko som kunne skje fordi dei nye og større motorane var plasserte høgare og lengre fram på vengjene.

Pilotane var ikkje informerte om dette systemet, og i dei to ulykkene i Etiopia og Indonesia greidde dei ikkje å få att kontrollen over flyet før det styrta.

Boeing slapp unna grundigare godkjenning ved å overtyde FAA om at flyet berre var ein oppdatert versjon av tidlegare 737-ar. Om flyet skulle sertifiserast som eit nytt fly, ville opplæring av pilotar i simulator kosta Boeing meir pengar.

Boeings 737 Max-fly har stått på bakken i alle land sidan styrten i Etiopia i mars 2019, der alle om bord omkom. Året før krasja eit fly av same type i Indonesia.

Enno ikkje godkjent

Til saman døydde nær 350 menneske i dei to ulykkene. Amerikanske luftfartsstyresmakter overvakte ein testflytur i slutten av juni, men har enno ikkje fornya sertifiseringa slik at flyet kan setjast inn i trafikk.

Boeing seier at dei har forbetra prosedyrane sine etter krasja, sett opp eit nytt tryggingssystem og restrukturert ingeniøravdelinga.

– Når FAA og andre tilsynsstyresmakter har avgjort at Max på trygt vis kan vere i trafikk igjen, vil det vere eitt av dei mest granska flya våre i historia, og vi har full tru på tryggleiken, heiter det i fråsegna.

(©NPK)