Fleire titals migrantar funne i lastebil i Austerrike

Fleire titals migrantar, blant dei fleire barn, er funne i ein lastebil i Austerrike, opplyser politiet i landet.
utenriks

Dei 38 migrantane frå Syria, Tyrkia og Irak, inkludert seks mindreårige, vart funne i kjølevogna sør i landet førre veke.

Migrantane sa dei var redde for å døy av mangel på oksygen under turen frå Romania gjennom Ungarn. Fleire av dei greidde å stikke av då lastebilen stansa langs motorvegen, men dei vart tekne etter at vitne melde frå. Også sjåføren, ein tyrkar busett i Romania, vart arrestert.

Migrantane hadde betalt mellom 6.000 og 8.000 euro til menneskesmuglarar for å bli frakta til Europa.

Hendinga minner om tragedien i 2015 då 71 menneske vart funne døde bak i ei forlaten kjølevogn i Austerrike. Fire menneskesmuglarar vart arresterte og fengsla for å ha stått bak den transporten.

Austerriksk politi seier dei har merka eit oppsving den siste tida i smugling av menneske.

(©NPK)