EU-sjefen vil byggje ein sterkare helseunion

– Det europeiske folket lir framleis, seier EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen, og tek til orde for eit sterkare helsesamarbeid blant medlemslanda.
utenriks

EU treng eit sterkare helsesystem, og koronapandemien har framheva trongen for solidaritet, peikar von der Leyen på i talen om tilstanden i unionen onsdag.

– For meg er det krystallklart – vi treng å byggje ein sterkare europeisk helseunion. Og vi er nøydde til å styrkje kriseberedskapen og styringa vår av grenseoverskridande helsetruslar, sa ho.

Von der Leyen kunngjorde skipinga av eit eige byrå for biomedisinsk avansert forsking og utvikling, som skal heite Barda. EU-kommisjonen foreslår òg å auke løyvingane til EU sitt helseprogram, og dessutan å halde eit globalt helsetoppmøte i Italia neste år.

(©NPK)