EU-sjef: Lhbtqi-frie soner har ingen plass i EU

Lhbtqi-frie soner er soner utan menneskeverd og har ingen plass i EU, seier EU-kommisjonens leiar og seier ho vil jobbe utrøytteleg for likestilling i unionen.
utenriks

Forkortinga femnar lesbiske, homofile, biseksuelle, transpersonar, skeive og interseksuelle, og kommentaren kom då Ursula von der Leyen onsdag heldt talen sin om «rikets tilstand». Leiaren seier ho vil ha «ein union der du kan vere den du er og elske den du vil – utan frykt for represaliar eller diskriminering».

– Å vere deg sjølv er ikkje eit spørsmål om ideologi. Det handlar om identiteten din. Så la meg vere heilt klar: Lhbtqi-frie soner er soner utan menneskeverd og har ingen plass i unionen vår.

Det er først og fremst i Polen at slike soner har vorte eit tema, og fleire byar har erklært seg «lhbt-frie», og mange homofile har forlate landet i frykt for ytterlegare diskriminering.

Von der Leyen varsla ein ny strategi for å styrkje lhbtqi-rettigheiter. Den skal inkludere gjensidig heider av familieforhold på tvers av medlemslanda.

– Viss du er forelder i eitt land, så er du forelder i alle land, sa EU-toppen til applaus frå EU-parlamentet.

(©NPK)