Nordmann nær dramatisk eksplosjonen i Beirut: – Såg glasbitar over alt

Forfattar og journalist Bendik Sørvig var på veg ut då ein enorm eksplosjon hende 3 kilometer unna bustaden hans i Beirut. – Folk er i sjokk, seier han.
utenriks

– Etter den første eksplosjonen trudde vi det var jordskjelv. Så kom den andre smellen, og vi kjende lufttrykket nær slo oss i bakken. Eg og dei to barna mine kasta oss ned på bakken, fortel Sørvig om den dramatiske hendinga i Beirut tysdag ettermiddag.

Sørvig fortel om kaotiske scener, og at han såg glasbitar frå knuste vindauge opptil 5 kilometer unna eksplosjonen.

– Eg var i Libanon då ein eksplosjon tok livet av statsminister Rafik Hariri i 2005, men denne eksplosjonen var mykje kraftigare, seier Sørvig, som har køyrt barna i tryggleik hos ein familiemedlem.

– Akkurat no er situasjonen veldig uoversiktleg, og dei fleste går rundt i sjokk. Eg har høyrd meldingar om at eit sjukehus åleine har teke imot 500 skadde, seier Sørvig.

(©NPK)