Statue av slavehandlar i Bristol erstatta av statue av Black Lives Matter-demonstrant

Ein kunstnar i den britiske byen Bristol har sett opp ein statue av ein Black Lives Matter-demonstrant på staden der ein riven statue av ein slavehandlar stod.
utenriks

Under ein demonstrasjon etter George Floyds dødsfall reiv demonstrantar 7. juni ned ein statue av slaveeigaren Edward Colston. Den kjende kunstnaren Marc Quinn har laga ein statue som er modellert etter demonstranten Jen Reid, som vart avbilda under ein demonstrasjon.

Statuen, som har fått namnet «Ei bølgje av makt (Jen Reid)», vart sett opp på staden utan godkjenning frå styresmaktene.

Colston var ein slavehandlar på 1600-talet og bygde opp ein formue ved å frakte afrikanske slavar over Atlanterhavet.

(©NPK)