Svoltkatastrofe kan følgje koronaviruset

Fleire hjelpeorganisasjonar varslar store svoltproblem på grunn av viruspandemien. Oxfam meiner 12.000 menneske kan døy av svolt dagleg innan utgangen av 2020.
utenriks

Den britiske hjelpeorganisasjonen skriv i ein ny rapport at «konflikt, klimakrisa, ulikskap og eit øydelagt matsystem gjer at fleire millionar menneske lever i, og døyr av svolt kvart år», og at fleire faktorar no forverrar problema.

Utbreidd arbeidsløyse og økonomisk nedgangstid gjer saman med vanskar med produksjon i jordbruket som følgje av sjukdom og nedstengingar, og vanskar med å få distribuert nødhjelp, at stadig fleire går svoltne, ifølgje rapporten.

Verdsmatvareprogrammet WFP anslår at talet på menneske i svoltkrise vil auke til 270 millionar innan året er omme som følgje av pandemien. Det er ein auke på 82 prosent sidan 2019, og betyr at mellom 6.000 og 12.000 menneske kan døy av svolt kvar dag.

Oxfam peiker ut ti særs sårbare land og område, fleire av dei i Afrika.

Sudan, Sør-Sudan og Etiopia, i tillegg til i dei vestafrikanske Sahel-landa Burkina Faso, Mali, Mauritania, Niger, Tsjad, Senegal og Nigeria, har alle krisepotensial, ifølgje organisasjonen.

Dobling av svolt i Sudan

I Sudan, som lenge har vore prega av konflikt, uro og fattigdom, har talet på barn som står overfor ekstrem sula dobla seg på grunn av pandemien.

«1,1 millioner barn går sultne mens landet står overfor sin verste matkrise de siste årene», skriv Redd Barna i ei pressemelding.

Ein kombinasjon av stigande matprisar, inflasjon og tap av jobbar som følgje av covid-19 gjer at 9,6 millionar sudanarar no ikkje veit der det neste måltidet skal komme frå, skriv organisasjonen.

– Allereie før denne pandemien sleit familiar med følgja av fleire tiår med konflikt, manglande utvikling og ein svak økonomi. No er liva deira endå vanskelegare. Folka våre møter fleire og fleire foreldre kvar dag, som slit med å få mat på bordet til familiane sine, seier Redd barnas Sudan-sjef Arshad Malik.

FN med flyktningåtvaring

For Afrikas flyktningar er situasjonen like mørk.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og WFP åtvarar om at fleire millionar flyktningar på kontinentet kan miste tilgangen på mat.

– Medan situasjonen blir stadig verre for alle, blir krisa forsterka for flyktningar, som har null og niks til å dempe fallet, seier WWP-sjef David Beasley.

– Når ting er på sitt beste, lever flyktningar i tronge kår, slit med å få oppfylt basisbehova og dei har ofte ikkje noko anna val enn å vere avhengige av ekstern hjelp for å overleve, forklarer han vidare.

FN og WFP seier dei no i fleire land slit med leveringskjeda på grunn av import- og eksportrestriksjonar, og at pengemangel fører til at dei har måtta redusere støtta til flyktningar.

Kriseramma land

Dei resterande landa på Oxfam-lista er Jemen, Afghanistan, Venezuela, Syria og Haiti, land som til liks med fleire andre på lista allereie før pandemien var ramma av ei eller anna form for krise.

Oxfam trekker fram at berre 24 prosent av pengane som trengst for å gjennomføre FNs plan for den globale responsen til koronakrisa er på plass.

«Medrekna er berre 9 prosent av finansieringa som trengst for å takle den auka utryggleiken rundt mattilførsel», heiter det i rapporten.

Ifølgje Oxfam er det i Jemen, der 53 prosent av befolkninga i 2019 stod i hungersnød, har WFP måtta halvere rasjonane for 8,5 millionar menneske nord i landet. Unicef varsla i ein rapport i juni at opptil 2,4 millionar barn kan pressast til randa av svolt i landet.

I Afghanistan, der delen er 37 prosent, har berre 6 prosent av dei totalt 60 millionar dollarane, tilsvarande om lag 600 millionar kroner, som trengst for å sikre mattilgang under krisa, komme inn.

Nye sårbare land

Landa og områda på Oxfam-lista rommar i dag 65 prosent av dei svoltramma i verda. Men organisasjonen åtvarar òg om skummel utvikling i fleire nye land.

«Mellominntektsland som India, Sør-Afrika og Brasil har raskt stigande svoltnivå, då millionar av menneske som så vidt klarte seg, no har blitt vippa over kanten av pandemien», heiter det i rapporten.

(©NPK)