Nesten 64.000 nye koronasmitta i USA

Det vart fredag registrert 63.643 nye tilfelle av koronasmitte i USA, ifølgje tala til Johns Hopkins-universitetet.
utenriks

Talet på smitta aukar nesten kvar einaste dag. Etter å ha lege på eit gjennomsnitt av 50.000 i nokre dagar, auka talet til over 60.000 denne veka. Rekorden vart sett torsdag med 65.551 nye tilfelle.

Fredag vart det òg registrert 774 nye dødsfall av viruset. Det er langt lågare enn i april, men ekspertane fryktar ein kraftig auke i vekene som kjem, etter kvart som mange smitta blir sjuke eller smittar andre meir sårbare personar.

Allereie er rekordtal for døde registrert i Texas og Florida.

Ifølgje Johns Hopkins er dermed talet på smitta i USA komme opp i 3,18 millionar, medan 133.969 har døydd av viruset.

Worldometer opererer med andre tal. Ifølgje dei er 3.219.999 menneske smitta av viruset, og 135.822 har døydd.

(©NPK)