Minst 44 døde i uvêr i Japan – 1,1 millionar personar blir evakuerte

Minst 44 personar er døde etter kraftig uvêr i det sørlege Japan. 1,1 millionar menneske blir evakuerte som følgje av flaum og jordskred.
utenriks

Redningsmannskap slit med å komme til, spesielt i områda Kumamoto, Kagoshima og Miyazaki på øya Kyushu sør i landet. Ti personar er framleis sakna.

14 personar som var anteken døde ved ein sjukeheim i prefekturet Kumamoto, er no stadfesta omkomne.

I byen Omura i Nagasaki vart det registrert 94,5 millimeter nedbør i timen. Store område ved Kuma-elva vart overfløymde då elva gjekk over breiddene. Minst 14 bruer er skylde bort.

Det kraftige regnvêret er venta å halde fram og flytte seg vidare til naboøya Shikoku tysdag.

(©NPK)