Munnbind blir obligatorisk i offentlege bygningar i Iran

Iranarar må frå søndag bere munnbind i offentlege bygningar, i butikkområde under tak og når dei reiser kollektivt, opplyser president Hassan Rouhani.
utenriks

– Å ikkje ha på seg munnbind er praktisk talt eit brot på rettane til andre menneske, seier Rouhani i ei fråsegn på nettsida til presidenten laurdag.

Ifølgje helsedepartementet i landet døyr det ein person av covid-19 kvart 13. minutt i Iran. Og kvart 33. sekund blir ein ny person smitta av koronaviruset.

Det siste døgnet har over 150 personar døydd etter å ha vorte smitta, noko som betyr at dødstalet i Iran har nådd 11.260.

Over 235.400 personar er registrerte smitta av viruset.

(©NPK)