Trump «meir og meir sint» på Kina

Spreiinga av koronaviruset gjer at USAs president Donald Trump igjen rettar sinnet sitt mot Kina.
utenriks

Det skjer same dag som amerikanske helsestyresmakter åtvarar om at koronapandemien ikkje er under kontroll, og at nye tilfelle av koronasmitte kan stige til 100.000 om dagen.

«Når eg ser pandemien spreie sitt vemmelege ansikt i heile verda, inkludert den enorme skaden den har gjort i USA, blir eg meir og meir sint på Kina», skriv Trump på Twitter.

(©NPK)