Nær 60.000 koronadødsfall i Brasil

Brasil rapporterte tysdag om 1.271 nye koronarelaterte dødsfall. Det fører det samla dødstalet opp i 59.656.
utenriks

Ingen andre land har rapportert om like mange nye dødsfall det siste døgnet, viser oversikta til Worldometers.

I USA, som er landa med flest smitta og døde, vart det tysdag meldt om 753 nye dødsfall. India rapporterte om 506 dødsfall og Mexico 473.

I Brasil er til saman 1.408.485 menneske stadfesta smitta, og tysdag vart det rapportert om 37.997 nye tilfelle.

(©NPK)