Merkel ber EU førebu seg på brexit utan avtale

EU må vere førebudd på at det ikkje finst nokon avtale med britane når overgangsperioden etter brexit går ut ved nyttår, seier Tysklands statsminister.
utenriks

– Eg vil presse på for ei god løysing, men EU og Tyskland bør og må førebu seg på eit scenario der ein ikkje kjem fram til ein avtale, sa Merkel i ein tale til den tyske Forbundsdagen onsdag.

Same dag tok Tyskland over formannskapet for EU dei neste seks månadene, og Merkel skal dermed vere med på å lóse unionen fram til ein avtale om det framtidige forholdet til Storbritannia.

Så langt har det vore lite framdrift i forhandlingane, men partane er samde om å auke tempoet i samtalane i juli.

(©NPK)