Kina avviser kritikk av ny sikkerheitslov

Kina svarer kritikarane av den nye sikkerheitslova for Hongkong at den har dei ikkje noko med å gjere.
utenriks

Onsdag langa Kina ut mot den internasjonale kritikken som har komme etter at landet tysdag vedtok ei kontroversiell sikkerheitslov for Hongkong.

– Kva har dette med dykk å gjere? spurde Zhang Xiaoming, Kinas øvste representant til Hongkong og Macau, på ein pressekonferanse.

– Dette har de ikkje noko med å gjere, la han til.

Lova har vorte møtt med sterk kritikk, og til saman 27 land, inkludert Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Japan og Noreg, ber Kina revurdere lova.

Den vil undergrave Hongkongs sjølvråderett og ordninga med «eitt land, to system», som gir byen større fridom enn det er på fastlandet, meiner kritikarane.

Kinesiske styresmakter insiterer på at Hongkong er konsultert i stor utstrekning og slår tilbake mot kritikarane.

– Dersom vi ønskte oss eitt land, eitt system, ville det vore enkelt. Vi er fullstendig kapable til å innføre nasjonale lover for Hongkong, seier Zhang.

(©NPK)