Indiske koronapasientar blir lagde på senger av papp

Mellombelse behandlingssenter med senger av papp skal hjelpe India med å handtere tusen som blir sjuke i den stadig veksande covid-19-pandemien.
utenriks

Dei billege sengene får ei kjemisk overflatebehandling som gjer dei vasstette, og dei toler belastningar på 300 kilo, seier Vikram Dhawan. Han og broren fekk ideen til det spesielle møbeldesignet medan samfunnet var stengt og dei måtte halde seg heime.

– Senga kan lett bli løfta av éin person. Ho er kompakt, lett og kan bli produsert og montert på få minutt, seier Dhawan. Fabrikken hans i Bhiwadi nord i landet er allereie i gang med produksjonen.

Viruset klarer 24 timar

Styresmaktene i New Delhi har plassert 10.000 senger i eit åndeleg senter i utkanten av byen. Senteret er no øyremerkt til behandling av koronaviruset,

Også i storbyen Mumbai, som til liks med hovudstaden opplever overfylte sjukehus, har dei byrja å leggje covid-19-pasientar i dei nye sengene.

– Det viktigaste er at viruset berre klarer seg på pappen i 24 timar. På andre overflater, som metall, tre eller plast, kan det overleve i tre til fire dagar, seier Dhawan.

Dei sengeproduserande brørne har inngått eit samarbeid med Sheela Foam Limited, som leverer skumgummimadrassar.

– Vi tenkjer ofte på tre og stål når vi tenkjer på senger, men her var behovet at vi måtte ha ei form for eingongsseng eller seng som kan desinfiserast, seier Sudhir Varanasi ved madrassfabrikken. Han seier overflatebehandlinga på sengene gjer at dei kan vaskast og ikkje går i stykke dersom ein kjem i fare for å søle.

Framtidstru

Også etter pandemien trur Dhawan-brørne det er ein marknad for den nye sengevarianten.

– Eg trur 50–60 av våre eigne tilsette har teke dei med heim og er fornøgde med å bruke dei kvar dag, seier Vikram Dhawan.

– Dei kostar det same som du bruker kvar gong du går ut for å ete på restaurant, legg han til.

Brørne har ikkje gått offentleg ut med nokon pris på sengene, men dei blir sagt å koste rundt 10 dollar eller omtrent ein norsk hundrelapp. Det svarer til drygt to dagslønner for ein indisk industriarbeidar.



(©NPK)