Fleire hundre arresterte i Hongkong

Over 300 personar er arresterte av politiet i Hongkong, ni av dei for brot på Hongkongs nye sikkerheitslov.
utenriks

Det melder Hongkong-politiet på Twitter.

Politiet greip raskt inn mot folkemengda som onsdag samla seg til den tradisjonelle, årlege protesten i samband med at det er gått 23 år sidan Hongkong vart ført tilbake til Kina frå den britiske kolonimakta, melder Reuters.

Politiet brukte mellom anna vasskanonar for å spreie demonstrantane i forretningsstrøket Causeway Bay.

Den første mannen som vart arrestert, bar ifølgje politiet eit flagg som symboliserer sjølvstende for Hongkong.

Før arrestasjonen åtvara politiet deltakarane om at dei opptredde i strid med den nye sikkerheitslova.

Hemmeleg til det siste

Lova vart denne veka vedteken av Folkekongressens ståande komité og signert av den kinesiske presidenten Xi Jinping tysdag.

Lova er ikkje lagt fram for Hongkongs eigne folkevalde forsamling, og innhaldet var hemmeleg heilt til ho tredde i kraft. Ingen visste derfor på førehand kva som no blir rekna for å vere kriminelt.

Kina og Hongkongs regjering meiner at lova trengst for å skape stabilitet etter eit år med masseprotestar og opptøyar, der hundretusen har kravd meir demokrati og mindre innblanding frå styresmaktene i Beijing.

I avtalen mellom Kina og Storbritannia då Hongkong vart tilbakelevert i 1997, er den tidlegare britiske kolonien garantert utstrekt sjølvstyre og politiske fridommar fram til 2047.

Verre enn frykta

Ekspertar som har byrja å analysere lova, seier at ho er verre enn frykta på førehand.

Kina insisterer på at lova ikkje skal avgrense politisk fridom i byen, men det er allereie klart at visse politiske synspunkt no har vorte ulovlege.

– Viss du nokosinne har sagt noko som kunne fornærme Kina eller Hongkongs styresmakter, burde du halde deg borte frå Hongkong, seier Donald Clarke ved George Washington-universitetet i ein analyse.

Global jurisdiksjon

Spesielt bekymra er han for paragraf 38, som fastslår at lovbrot mot nasjonal tryggleik gjort i utlandet, sjølv av utlendingar, kan straffeforfølgast.

– Eg kan ikkje sjå anna enn at det betyr akkurat det står, nemleg at Kina påkallar seg global jurisdiksjon over alle menneske på jorda, seier Clarke.

Lova reknar undergraving, forsøk på lausriving, terrorisme og samansverjing med utanlandske krefter som kriminelle handlingar.

Vage formuleringar

Det er ein såpass vag ordbruk at ei lang rekkje politiske synspunkt og handlingar kan rammast av lova.

Eit døme på det som no kan sjåast på som ei terrorhandling, er angrep på offentleg transport, noko demonstrantane ofte gjorde i fjor.

Men lova kan òg ramme dei som gir støtte eller hjelp til slike handlingar.

– Det betyr at moderate eller fredelege tilhengjarar av protestrørsla kan rammast av lova viss dei meir ekstreme demonstrantane dei hjelper, blir arrestert, seier Hongkong-advokaten Antony Dapiran.

Ordbruken inneber at sjølv fredelege appellar om sjølvstyre eller sjølvstende no blir ulovleg. Politiet gjorde det klart onsdag at appellar om sjølvstende òg for Tibet, Xinjiang og Taiwan er forbode.

Global kritikk

Kina har fått mykje kritikk for den nye lova. Mellom anna bad 27 land, inkludert Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Noreg, Kina revurdere lova.

Men Kina slo onsdag tilbake og sa at ingen andre har noko med å kritisere den nye sikkerheitslova

– Kva har dette med dykk å gjere, sa Zhang Xiaoming ved Hongkong-kontoret til staten på ein pressekonferanse onsdag.