Tyskland vil namngi land som smuglar våpen til Libya

Tysklands utanriksminister Heiko Maas ønskjer å trappe opp presset mot land som bryt våpenembargoen mot Libya ved å namngi dei offentleg.
utenriks

– Du kan ikkje la vere å namngi desse landa i det lange løp. Viljen til å gjere det aukar stadig i EU, seier han i eit intervju med nyheitsbyrået DPA tysdag.

EU har sett i verk ein operasjon i Middelhavet for å overvake FNs forbod mot å eksportere våpen til Libya. Satellittovervaking gjer det mogleg å følgje leveransane, men så langt har dei ikkje vorte stansa.

Opplysningar om brot på våpenembargoen blir for tida berre delte med FN, og nyleg sa FNs generalsekretær António Guterres at Tyrkia, Egypt, Dei sameinte arabiske emirata og Russland er blant landa som sender våpen til det krigsherja nordafrikanske landet.

EU har så langt avstått frå å rette open kritikk mot desse landa, men Maas meiner at det vil komme.

Onsdag overtek Tyskland formannskapet i EU.

(©NPK)