Noreg ber Kina reversere sikkerheitslova i Hongkong

Noreg er eitt av 27 land som har skrive under på ei erklæring som tek avstand frå den nye sikkerheitslova i Hongkong og ber Kina reversere ho.
utenriks

– Saman med 26 andre land, tok Noreg i dag opp situasjonen i Hongkong og Xinjiang i FNs menneskerettsråd. Vi oppmoda om at Kinas og Hongkongs styresmakter skulle revurdere iverksetjinga av den nye sikkerheitslova, stadfestar utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) til NTB.

Tysdag las Storbritannias ambassadør til FN opp ei erklæring i FNs menneskerettsråd i Genève, på vegner av 27 land – mellom dei Noreg, skriv VG.

Kritiserer manglande lokal involvering

– Alle lovverk bør ha som formål å verne interessene og tryggleiken til innbyggjarane. Det er derfor viktig at synet til befolkninga blir reflektert når nye lover blir innført, seier utanriksministeren.

Ho kritiserer den manglande involveringa av lokale styresmakter i Hongkong.

– Involvering av lokale styresmakter i kombinasjon med ein open og inkluderande dialog med innbyggjarane, er avgjerande, seier Søreide.

Livstid for hærverk

Tysdag underteikna den kinesiske presidenten Xi Jinping den omstridde sikkerheitslova. Søreide fryktar auka konfliktnivå og innskrenking av politiske rettar. Lova opnar mellom anna for å straffe demonstrantar som øydelegg køyretøy med livstid i fengsel, og stenging av selskap som handlar i strid med lova.

I tillegg opnar lova for at Kina kan overstyre det lokale folkestyret i Hongkong, for å straffe personar som gjer seg skuldig i handlingar som blir sett på som ein trussel mot makta til staten.

Innlegget ber òg om at FNs høgkommissær for menneskerettar skal få tilgjenge til Xinjiang nordvest i Kina for å overvake menneskerettssituasjonen for uigurar og andre minoritetsgrupper.

(©NPK)