Nær 700 nye koronadødsfall i Brasil

Brasil rapporterte om 692 nye dødsfall relatert til koronaviruset måndag, opplyser helsedepartementet i landet. Det skriv nyheitsbyrået Reuters.
utenriks

Talet på døde i landet som følgje av koronapandemien har no komme opp i 58.385, ifølgje oversikta til Worldometers.

Over 1.370.480 menneske er stadfesta smitta, og det siste døgnet steig smittetalet med 24.052 tilfelle.

Berre USA har registrert fleire døde og smitta enn Brasil.

(©NPK)