Hongkongs leiar: Ny sikkerheitslov berre retta mot nokre få

Kinas nye nasjonale sikkerheitslov i Hongkong vil berre vere retta mot ein liten minoritet, seier Hongkongs leiar Carrie Lam.
utenriks

– Den kan rette seg mot ein svært liten minoritet med menneske som har brote lova, medan liv og eigedom, grunnleggjande rettar og fridommane til det store fleirtalet av Hongkongs innbyggjarar vil bli beskytta, seier Lam.

Fråsegna vart gitt i ei videomelding til FNs menneskerettsråd få timar etter at Folkekongressens ståande komité vedtok sikkerheitslova, som trer i kraft 1. juli.

(©NPK)